BARNEINSTRUKTØRKURS I FOLKEDANS

Postet av Folkedanslaget den 4. Mar 2025

22.-23. Mars 2025 inviterer Noregs Ungdomslag og BUL Tromsø til barneinstruktørkurs i folkedans.

 

Instruktør er Anette Johansen frå Bodø. Kurset skjer i BUL Tromsø sine lokaler, BUL-huset.

Barneinstruktørkurset er for deg som vil undervisa barn og unge i folkedans. Her er det fokus på danseleik der du lærer eit repertoar av gode dansar og leikar for barn. Det vil også vera fokus på korleis du arbeider didaktisk med barn og gruppeleiing.

 

Om kurset:

På dette instruktørkurset går me inn på didaktikk og metodar retta mot danseundervising for barn. Spørsmål her kan mellom anna vera: korleis arbeida med ulike målgrupper og gruppestorleikar. Kva dansar fungerer for 3 stk og kva fungerer for 90 stk?

På kurset legg me opp til å presentera eit repertoar av gode leikar/dansar for barn og gjev eit innblikk i korleis du kan arbeida med rytmer for barn.

På kurset går me inn på danseundervising som konsept. Kva arbeider du fram mot som instruktør, kven samarbeider du med, korleis motivera barna til å halda fram med å dansa og kva motiverer deg som instruktør?

 

For mer info se kurssiden vår.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Folkedanslaget